Julekalenderluke #3

Sakte vart verda klarare, sakte kom Edna ut av draumeland, ut av den lange søvnen, dvalen. Ho opna augene, strakk forsiktig ut kvart lem, nøye med å ikkje forstyrre livet som var på henne unødig mykje. Ho såg litt meir mose hadde grodd på henne. Det var godt. Edna likte grønnfargen. Ho merka at ekornet Eddy romsterte i reiret sitt. Han var der framleis; han var trufast. Edna smilte, bevegde seg sakte ut av hiet sitt. Fann fram sekken. Det var mørkt. Ho snuste i lufta. Ja, vinteren var komen, det var romjul. Det var på tide å gå ut i bygda som julebukk og be om godteri igjen, fylle opp sekken med nok mat til nok ein eitt år lang søvn.


Tekst: Håvard Nyhagen Henriksen


Rable Illustrasjon og Design

rabledesign95@gmail.com

2019

  • Facebook Social Icon