Julekalenderluke #10

Kva er det ved det å vinne som er så viktig? Kva er det som gjer det så viktig at nokre er villig til å jukse, lyge, og svindle seg til det? Er det belønninga? Er det berømmelse? Beundring? Ligg det kan hende ein rus i det å føla seg overlegen? Å føla på den midlertidige opphøgninga av status? Kanskje det berre er kjensla av å ha lurt systemet? Uansett kva det er så var Tom Ellef avhengig av det. Han hadde fleire ess i ermet enn berre ess i ermet. Det inkluderte jukselappar til alle prøvene, terningar som alltid landa på seks, ein tatovering av det periodiske system til kjemiprøvane, og mandlar i munnen når familien skulle ete julegraut.

Tekst: Håvard Nyhagen Henriksen



Rable Illustrasjon og Design

rabledesign95@gmail.com

2020

  • Facebook Social Icon