Julekalenderluke #11

At japanske mattradisjonar skulle spre seg til norskekysten var uhørt. Men det hadde skjedd likevel. Sjøstjerne til ribba hadde vorte ein delikatesse. Det evolusjonære presset på dei stakkars skapningane hadde blitt sterkt, nesten for mykje. Men livet finn alltid ei løysing, og det gjorde sjøstjernene òg. Dei byrja å spre ut bobler i ein generasjon, generasjonar seinare byrja boblene å sprekke raskt så dei vart lydar, åra gjekk og lydane vart meir og meir spissa inn mot den eine lyden som fekk dykkarane til å sleppe dei ut att. Ingen ønska ein julemiddag som ønska dei ei god jul før den vart eten.




Rable Illustrasjon og Design

rabledesign95@gmail.com

2020

  • Facebook Social Icon