Julekalenderluke #14

Gamle bestemor visste råd for alt. Hadde ein fått tannpine frå alle dei gode sakene ein hadde ete i juletida så var det berre rett og rimeleg at tannpina vart overført frå offeret til pepperkakemennene som hadd vore onde nok til å gjere dette brotsverket. Ho bandt forsiktig sytråden først om holtanna til vesle Viktor, og så om hovudet på ein pepperkakemann. Så tok ho tre steg til venstre, vifta litt med venstre arm, så høgre arm, sang ein liten sang om sirup og hekser. Og sånn fortsatte det. Det kunne ta timer, men bestemor hadde god tid, og til sist så hadde alle ho hadde prøvd det på sagt at dei følte seg betre.


Tekst: Håvard Nyhagen Henriksen


Rable Illustrasjon og Design

rabledesign95@gmail.com

2020

  • Facebook Social Icon