Julekalenderluke #18

Oppdatert: 19. des. 2018

Wilhelm og Konrad kom jo ikkje så godt overens. Men kanskje ting ville verte betre, og at den stadige småkranglinga ville stoppe. Altså, Wilhelm ynskja jo ikkje å late som han var pappaen til Konrad. Det var ei rolle han ikkje kunne ta uansett. Men når han ynskja å vere med Mina, og Mina hadde Konrad frå før, ja då måtte han jo ta det ansvaret, og vere ein vaksen og sindig mannsfigur i Konrad sitt liv. Ja, så hardt som Wilhelm prøvde, og om berre han og Konrad kunne la vere å krangle denne eine kvelden, så måtte jo Mina svara ja til frieriet.

Tekst: Håvard Nyhagen Henriksen




Rable Illustrasjon og Design

rabledesign95@gmail.com

2020

  • Facebook Social Icon