Julekalenderluke #19

Det knirka i den kramme snøen under føttene hans. Men Herman høyrte det ikkje. Tankane hans glei tilbake til krangelen, dei gjentok seg sjølv og kom ingen veg. Tankane berre virvla i det same rommet i sinnet hans. Kvifor kunne ikkje familien sjå det frå hans synspunkt? Jula skulle jo vare heilt til påske, og då var det heilt naturleg å blande litt tradisjonar, tenke nytt. Påskeharen kunne godt komme med gåver, og julenissen kunne godt gjøyme unna nokre egg. Det var ikkje Herman sin feil at egga hadde råtna mellom sofaputene og i strikketøyet til tante Lalla. Om berre ho hadde strikka litt oftare så hadde dette aldri skjedd.


Tekst: Håvard Nyhagen Henriksen



Rable Illustrasjon og Design

rabledesign95@gmail.com

2020

  • Facebook Social Icon