Julekalenderluke #22

Du kan rømme unna gatene du såg henne i, kaféen der de to gjekk på første date, dykkar felles venn som introduserte dykk for kvarandre, og heimen du ynskja å skapa med henne. Men uansett kor eller kor langt du du rømmer så kan du ikkje unnsleppe deg sjølv eller minnene dine. Dagen kan vere utmerka, ja heilt fin, før ein liten tilfeldighet, ein lyd, ein lukt, eller måten solskinnet reflekteres i sølvbestikket akkurat som det gjorde i den ringen du hadde tenkt å gje henne den dagen, ein av desse tinga får tankestraumen din inn i andre og triste banar. Det kan vere tungt å komme seg ut av desse igjen. Jussi var ombord på MF Julestjerna, ei ombygd og gjennomrestaurert ferje som ein gong pleide å gå over Boknafjorden. Dette var den nye heimen hans no. Det var nye venner, nytt mannskap, på ein ny ferd mot nord, langt unna dei altfor triste gatene i Stavanger. Kaptein var ein ny tittel, ei ny rolle, men ei han følte seg trygg i. Seint ei av nettene, på veg mot nord, mot Nordpolen, mot nissens heimstad, den eine staden, om nokon, der draumar kan bli virkelighet, var det Jussi si plikt å holde utkikk. Det var noko med blåfargen, og gjenskinnet mot botna av isberget som minna om augene hennar den fyrste kvelden. Og den kvite isen, snøen, som tennene hennar når ho smilte. Lyden av kræsjet, som...


Tekst: Håvard Nyhagen Henriksen




Rable Illustrasjon og Design

rabledesign95@gmail.com

2020

  • Facebook Social Icon