Julekalenderluke #24

Her er soga om Hansen i svingen Hansen, han med tre grisar i bingen Han stelte dei vel, både morgon og kveld dulla og mata, gjord' ingen forskjell Då kulda starta, då slutta leiken ein av dei tre sku' bli julesteiken Ingen hadd' undra over mengda med fôr Ingen hadd' visst om hans kjærleik for svor Du har rett, dei hadd’ vor’ ganske teite Og no var dei blitt heilt enormt feite Her er ei soge heilt utan moral Hus av strå, tre eller stein? Er du gal? Då året var omme hadde Hansen fått nok Og den siste grisen, han vart eten som wok


Tekst: Håvard Nyhagen Henriksen




Rable Illustrasjon og Design

rabledesign95@gmail.com

2020

  • Facebook Social Icon