Julekalenderluke #5

Tvillingane Tim og Tom var heldige, dei hadde fått fosterforeldre som tok godt vare på dei, og skjemte dei verkeleg bort i jula. Dei fekk sjå så mange julefilmar dei ville, drikk så mykje kakao dei ville, og ete så mykje godteri dei ville. Dei vart tulla inn i gode pledd, og hadde det fint og varmt og koselig. Dei hadde ikkje alltid hatt det så bra. Foreldra deira hadde svikta på fleire av punkta, dei to første fosterfamiliane òg. At kvar av familiane hadde dødd i tragiske bilulykker ved at bremseledningen svikta, det hadde vore hell i uhell det for Tim og Tom.


Tekst: Håvard Nyhagen Henriksen



Rable Illustrasjon og Design

rabledesign95@gmail.com

2020

  • Facebook Social Icon