Julekalenderluke #6

Det var då det slo Eskil, han skulle berre vera fire år i romjul ein gong og aldri meir. Prøysensangen skulle berre handla om han ein gong. Kva skulle han gjere etter dette? Var dette alt? Hadde han nådd sitt høgdepunkt allereie? Skulle dette vere toppen av lukka liksom? Dette hadde vore draumen, og no, i dette skuffande augeblikket innsåg han at han ikkje hadde draumar og håp lengre, og at om han nokonsinne fekk fleire så kom nok realiseringa av dei til å skuffe han like mykje dei òg.

Tekst: Håvard Nyhagen Henriksen



Rable Illustrasjon og Design

rabledesign95@gmail.com

2020

  • Facebook Social Icon