Julekalenderluke #7

Det var godt kjent i sladderpressa at om ein ønska seg nakenbilder av Greve Louis Ludvig von Richthofen den tredje så var førjulstida den rette tida for det. Men ingen ønska seg det. Alle paparazziane hadde sett han - det pirra jo nysgjerrigheten - og så hadde dei vorte kvalme og aldri sett seg tilbake. Den upåklagelig elegante og velkledde mannen dei kjente frå dei raude løparane, frå moteshow, frå utsvevande og ville festar, redusert til noko så dyrisk og patetisk. Kvart år kasta ut av kona si fordi han ikkje greide å halde hendene sine unna sirupen ho skulle bruke til sirupsnippane sine. Ikkje eit einaste år hadde ho greid å få laga dei sju sortane ho ville.


Tekst: Håvard Nyhagen Henriksen


Rable Illustrasjon og Design

rabledesign95@gmail.com

2020

  • Facebook Social Icon