Julekalenderluke #8

Gyldig til 31.12.19 Mettes Graut og Beauty Gåvekort til Odny på 1000 Kroner Nokon er glade i deg og ynskjer deg ei herleg oppleving på Noregs fyrste og framleis beste og einaste grautbaserte spa.

Ta med badedrakt, handklede, og skrubb. Du vil få tilbod frå meg, Mette, på staden om grautmaske for andletet og ein full kroppsmassasje i grauten.

Drifta mi er miljøvenleg. Mine grautstampar fylles på dagleg med graut laga av den beste jasminris og mjølk frå Tine, og kvar kveld vert den kokt opp att og repasteurisert og gitt til dei fattige her på Vossevangen.

Behandlinga er ikkje høveleg for dei med laktoseintoleranse eller allergi mot kanel eller mandlar.

Om gåvekortet går ut på dato før eg får godkjenning frå Helse- og Mattilsynet så vert det ikkje refundert.

Med venleg helsing Mette

Tekst: Håvard Nyhagen Henriksen




Rable Illustrasjon og Design

rabledesign95@gmail.com

2020

  • Facebook Social Icon