Julekalenderluke #9

Mammaen til Tulla Louise var då snill med henne. Det var akedag på skulen og i tillegg til det provisoriske akebrettet mamma hadde skaffa til vege - pappøskja hennar nye hårfønar frå Smith & Wesson hadde kome i - så hadde mamma teke seg tid til å gje Tulla Louise ein aldri så liten makeover med nokre fabelaktige produkter frå h'Oreal. Ho var og no ikledd nokre freshe nye juleklede frå Moose of Norway. No, om berre lyset og humøret til Tulla Louise heldt seg, og mamma kunne finne den perfekte kameravinkelen, så skulle ho nok få lov til å ake litt ho òg, og ikkje berre vere motivet i nok ein av mamma sine bloggpostar. Berre ein liten time til, så ville det sikkert vere nok bilder for denne gong.


Tekst: Håvard Nyhagen Henriksen



Rable Illustrasjon og Design

rabledesign95@gmail.com

2020

  • Facebook Social Icon